Utstillingsinfo
- Periode14.06.06 - 18.06.06
- StedOdda Smelteverk, søndre administrasjonsbygg, Odda
<B>Leif-Erik Bru</B> har røtter frå oddaområdet, og kjenner fabrikken på same måten som dei fleste oddingane - frå utsida. På fabrikkområdet såg han mange spennande motiv og ønskte i utgangspunktet å bruke nokre dagar sommaren 2005 til å "leike" med kameraet saman med <B>Kari Hauger</B> og <B>Øystein Nilsen</B>. Dei fekk kontakt med den einaste oddingen i kvartetten, <B>Dan-Erik Aggvin</B> og saman vart dei oppslukt av eit miljø med former, fargar, vindauge, dører, linjer som ein ikkje ser når ein vanlegvis flyr forbi den nedlagte fabrikken som står i forfall. Vinteren 2006 kom dei att for ein ny runde med fotografering, denne gongen med større fokus på å dra oddingen inn som modell i dette unike miljøet.
Det er fotografert på svart-kvitt film og med digitale speilreflekskamera i farge, og i tillegg til kring 50 bilete på vegg inneheld utstillinga ei om lag 12 minutt lang tonesett lysbileteframvisning.
Øystein Nilsen
Leif-Erik Bru
Kari Hauger
Dan-Erik Aggvin
<br>